|
Førstemann
til mål, vinner.
Dragracing er ein akselerasjonskonkurranse mellom to bilar med stilleståande
start. Løpsbana er ei rett strekke på 402,33 meter,
eller ¼ engelsk mil om du vil.
Sporten begynte i USA på 40-talet, på meir eller mindre
tilfeldig valde vegstrekningar. Det første organiserte løpet
vart arrangert i Kansas i 1955.
På slutten av 60-talet kom dragracing til Europa, og det første
dragraceløpet i Norden fant stad i august 1968. I dag blir
det køyrd rundt 75 dragraceløp i Norden.
I Norge
vert det arrangert ca. 20 løp per år. Stemna samlar
rundt 12.000 publikummarar og entusiastar. Og interessa aukar for
kvart år både når det gjeld deltakarar og publikum,
til stor glede for alle med interesse for dragracing.
Dragracing er delt opp i ulike klassar, alt i frå Junior Dragster
til Top Fuel (for bilar), og frå Street Bike til Super Twin
(for motorsyklar). Ein kan stilla med alle slags bilar og motorsyklar
i sporten. Bilen eller motorsykkelen ein kjører med til jobben,
eller ein bil/mc som er bygd spesielt for dragracing.
Lisens
er påkrevd i alle klassar, dette på grunn av at føraren
og publikum skal vera forsikra. Innanfor ein del klassar kan det
køyrast på eingongslisens. Medan andre klassar har
lisenskurs og oppkøyring, slik at ein er sikre på at
sjåføren klarar å handtere bilen/sykkelen i den
aktuelle klassen.
Føraren bør ha bra nerve og ein lynrask reaksjon for
å nå toppen. Det går naturligvis an å trene,
men det er bra å ha grunnlaget så ein slepp å
sitte og sove når starten går.
Når
eit stemne tek til må alle bilar/syklar innom ein teknisk
kontroll, der det blir kontrollert om bilen/sykkelen har dei sikkerheitsdetaljar
som er påkrevd. Det blir blant anna kontrollert bilbelte,
veltebur, bremsar, hjelm og køyredress.
Når det er klart for start, er "burnout" det første
på programmet. Dette går ut på å varme opp
dekka slik at dei blir reine og varme. Deretter køyrer bilane
fram til startlampene (christmas-tree), som markerer at ein er i
rett posisjon. Idet startaren trykker på knappen, blir tre
gule lamper tent før den grøne viser at det er klart
for action. Det gjelder å kjenna bilen og seg sjølv
så godt at reaksjonstida kjem ned mot 0,000 sek. Og som erfarne
førarar seier: Har du sett den grøne lampa, har du
tapt.
|
|